tirsdag 28. februar 2017

Toastmaster

Vi gjekk nokon rundar for å finne ein passande toastmaster. Opp og ned og fram og tilbake. Av ein eller anna grunn hoppa vi over èin, og då vi oppdaga det var det ingen tvil om at denne personen var den perfekte toastmaster! Han er utadvendt, morsom, flott, og livlig; det er sjølvsagt svoger ANDREAS WITH DAHLE! Vi håper han er over seg av begeistring over dette ærefulle oppdraget og at han hoppar i det med stor iver;)

Han ønskjer dokke sender han ein mail på Andreas.with75@gmail.com så får dokke nok nokre mailar som er hemmelege for brudeparet, og andre vegen.

For dei som ikkje kjenner Andreas er han altså gift med søstera til Marianne (Kristine), 42 år og frå Oslo. Dei bur i eitt nytt flott hus på Kjelsås, med barna Elias (snart 14), Andrine (11 år i morga faktisk!) og Aleksander (snart 7). Alle barna spelar handball, så ikkje mykje tid dei får til hytta på Kvitfjell - men så snart dei har tid suser dei oppover for å suse ned skibakken. Andreas er også ein ivrig og flink tennisspelar!
- Key Account Manager (tidlegare superselgar!) hos Wittusen og Jensen.



Juvet Landskapshotell

Ikkje alle av dokke er klare over kvar type hotell Juvet Landskapshotell er, så les litt om det her:

http://www.juvet.com/juvet-landskapshotell/hotellet

Som nevnt er det ikkje plass til alle på sjølve Juvet, men vi har ein plan for resten (ta gjerne kontakt om dokke vil vite!). Juvet har 9 bokser/hotellrom, eit voningshus med fire soverom og to små hytter/sel. Sengeplass til 35 personer. Nærmaste familie, forlovere og slekt/vener langvegsfrå utan tilknytning til Sunnmøre vil bli prioriterte her.

Festen blir på låven!:))










onsdag 8. februar 2017

Forlovelsesbilder

Vi får stadig vekk spørsmål om kven i alle dager skal ta brullaupsbilda våre!!!!!?!!!!
Men valget var enkelt; Lieben Foto / Synnøve Eide Seljeseth frå Molde - ho er ein rasande dyktig bryllaupsfotograf, og ein veldig likandes person:)

Eg vart fyrst kjend med ho gjennom strikking på Instagram (!), og har sidan hatt nær kontakt på messenger, samt ein tur til Stockhom ilag på Way Up North (seminar for bryallupsfotografar).

Synnøve er veldig involvert i planlegginga av bryllaupet, noko som har vore til stor hjelp!
Vi fotografar veit kva som gjer seg på bilder - og trenden må følgast nøye:)

I november tok vi forlovelsesbilder på Trollstigen. Fordelen med å velge ein kald dag (2 grader og vind) til slikt er at vi fekk heile området for oss sjølve! Kaldt var det, men hjelpe meg så flotte bilder vi fekk!! DEI omgivelsane og DET lyset, kombinert med dyktig fotograf og flotte mennesker (hihihihi) vart det eit fantastisk resultat. Sjå her då;






















mandag 6. februar 2017

Save the date

Eller " Set av datoen " på godt norsk! Dokke har vel fått kortet i posten no, sidan dokke er her inne:)

Har fått nokre spørsmål angåande overnatting -  og det vil vi kome tilbake til her inne. Det er ikkje så mange plassar på sjølve Juvet, men vi har reservert eit par campingplassar. Vi ønskjer å fordele dette, altså at dokke får nærmare beskjed om kor dokke skal bu / booke.

Ellers er det kjempefint om vi får beskjed om dokke allerede no veit om dokke kan eller ikkje,
då vi har nokre "på vent" ... Det er jo dessverre eit tak på kor mange det er plass til.

Ein meir formell og omfattande invitasjon vil kome i mai! :)




onsdag 25. januar 2017

Bryllaupsblogg, då!

Tenkte det kunne vere greit å samle informasjon i forkant av bryllaupet, på ein litt meir oversiktleg måte enn Facebook. Sidan "Save the date" korta er på veg til gjestane måtte eg hive meg rundt og få på plass ei bloggadresse  - så finpussen får kome etter kvart!