fredag 26. mai 2017

Marianne sine forlovere

Marianne sine forlovere 



Å velgje forlovar var ikkje berre enkelt. Eg har jo alltid hatt mange gode venninner i ulike fasar av livet, både i oppveksten, 20-åra og i desse snart 10 åra på Skodje. Kva skulle eg leggje vekt på? 
Eg er jo glad i alle venninnene mine, og systera mi! 



~ KRISTINE  ~




Det tok 3 mnd før eg bestemte meg for å gå for mi kjære storesøster, Kristine, som alltid har vore der for meg. Plutseleg var det berre heilt innlysande at det ikkje kunne vere nokon andre enn ho - som har kjent meg for den eg var i oppveksten og kjenner meg for den eg er i vaksen tid. Som systre kjenner vi kvarandre bedre enn nokon andre, på godt og vondt! Eit meget sikkert og trygt valg:) 



Dei fleste kjenner eller har høyrt mykje om Kristine, men for dokke andre;
 Kristine er to år eldre enn meg, født 1975, og var verkeleg nokon å strekkje seg etter i oppveksten. Ho var utruleg flink i alt ho gjorde, både i idrett og på skulen, og var (og er!)  heilt fantastisk med lillesøstera vår, Arnhild (som har downs syndrom, om nokon ikkje veit det!). 
Kristine er utdanna Geofysiker og jobbar i AkerBP på 10.året (ho leiter altså etter olje), der ho har ein krevande jobb og til tider mykje ansvar i ulike prosjekt (som ho mestrar med glans!). I 2006 gifta ho seg med (toastmaster) Andreas, og saman har dei 3 herlige barn; Elias (14), Andrine (11) og Aleksander (7) - mine gode tantebarn som eg er så innmari glad i !!! 

Kristine har eit stort hjarte, raus og flink til å glede med små ting. 
Det har alltid vore godt å ha ei slik storesøster, som passar på meg og er glad i meg sjølv når ho syns eg er skikkeleg teit! Til tross for at vi er ganske forskjellige på mange områder, og som søstre flest kan krangle og vere sure på kvarandre, er vi også verdens beste søstre og venninner! 
Vi ser ikkje kvarandre så mykje no når avstanden er stor, men vi prøver å møtast så ofte som mogleg anten i Oslo, på hytta på Stranda eller på hytta på Kvitfjell. Borna gleder seg til Oslo ferie, vi koser oss i det nye store flotte huset deira på Kjelsås. 
Kristine er verdens beste tante, ingenting varmer meir enn å sjå kor glad ho er i dei små! :) 






~  JEANETTE  ~  




JEANETTE møtte eg fyrste gong for litt over 7 år sidan på eit scrappetreff i Ålesund, og vi fann ut at vi begge var nye innflyttere på Skodje. Dei siste 5 åra har vi vore meir og meir ilag og vi har utvikla eit  nært forhold. Jeanette er ein veldig omsorgsfull og real person, som stiller opp for andre sjølv i tider ho burde prioritere seg sjølv. Eit hjerte av gull !  Eg brukar å seie at ho er altfor snill. At ho må tenke meir på seg sjølv. Slike personar veks ikkje på tre, og det var difor vanskeleg å velge nokon andre til å vere min forlovar. 




Jeanette er født i 1981 og kjem frå Harstad. Ho møtte sin Svein då ho studerte til sjukepleiar i Ålesund, og vart altså verande på Sunnmøre. Saman har dei tre herlege døtre;  Helle (9), Tuva (7) og Sofie (4). Aksel og Helle er vener og like gamle, og Vilja og Sofie er også gode venninner. 
Svein er frå Norddal og vi er visst i slekt langt uti:) 



Vi trener ilag;  jogging, fjellturar, styrke og handball (Jeanette er ein fantastisk god keeper på vårt nyoppstarta damalag her på Skodje), går i strikkeklubb ilag og møtast ofte for å berre skravle. Innimellom må Jeanette stille som modell for meg også, hehe, men det er jo ingen sak når ein er så vakker:)  
Det er godt å ha ei venninne ein kan møte både på gode og mindre gode dagar, ei som kan ringe deg berre for å slå av ein prat eller stikke innom for ein rask kaffe. 

Jeanette er operasjonssjukepleiar på sjukehuset i Ålesund. No har eg ikkje sett Jeanette i aksjon, men slik eg ser det er ho meget dyktig i jobben sin. 



I juni reiser eg og mine to fine forlovere til Barcelona ilag - for å finne brudetilbehør og forloverkjoler, og for å berre kose oss ilag!!!! Det blir heilt KNALL!!!! 

UTRULEG GLAD I DOKKE !!!













1 kommentar:

  1. Bjørn skulle eigentleg hatt seg ein skikkeleg oppstrammar: eg saknar eit like søtt innlegg om forlovaren hans!!??

    SvarSlett