tirsdag 30. mai 2017

ØNSKJELISTE

Mange har etterlyst ønskjeliste. Dette har eg alltid trudd skulle vere ein enkel sak, men tvert om!
Ikkje heilt einige om kva vi treng i hushaldninga heller, hehe. Lista er ikkje så lang foreløpig, men det kjem påfyll etter kvart! Skal legge inn ønskjeliste på eit par butikkar også.

Så er det berre å følge MITTBRYLLAUP på Instagram, legg ut inspirasjon og ønskjer der! :))

Dersom dokke kjøper noko på lista, altså ikkje pengar, gåvekort eller frå ei ønskjeliste i butikk,
tenkte vi det kunne vere lurt å gi beskjed til Birgit (mor til Bjørn) ang kva dokke har tenkt å kjøpe.
Då kan ho ha ei viss oversikt slik at vi ikkje ender opp med 13 pastagryter!;)

Birgit telefon : 926 06 033
Mail: birgit.tenno@hatlehols.no
 


ØNSKJELISTE lagt ut på
- Cristiania Glassmagasin


PENGAR TIL BRYALLAUPSREISE - vi reiser til Island tysdag etter bryallaupet:)

GÅVEKORT
- Møbler og Miljø
- Kvist
- Scandinaviandesigncenter.no
- House of Oslo 
 

BÅLPANNE - Espegard

KOFFERT - 1 stk stor, hard plast

PASTAGRYTE med pastainnsats, 6 liter - Demeyere - www.bakernogkokken.no

PASTAMASKIN (Atlas 150 Original Multipast Pastasett) - Marcato - www.bakernogkokken.no

SALATBESTIKK  - Firm Living Fein (gull)



GULLBESTIKK - Elegant bestikk, 16 deler - House Doctor



FLORA MIDDAGSTALLERKENER - Royal Copenhagen - 8 stk -
Pakke med 6 ulike kan spleises på, eller kjøpe enkeltvis.
www.oslodeco.no



RIPPLE CHAMPAGNEGLASS - Firm Living - 8 stk



Muuto E27 lampe mustard - 2 stk




MUUTO Grain Lampe (hvit) - 2 stk


Hay Pute dot rime mustard - 2 stk



Menu Wire Pot - hvit - i ulike størrelser 





(wall art) VISSEVASSE - Klar Parat Start - 50*70 cm


VISSEVASSE - Norge - fjorden eller sneen - 50*70 cm

   
VISSEVASSE - Balloon Dreem - 50*70 cm 

Vee Speers - The Birthday Party #16 


 Freemover - stake / Rolfstaken - i fargane sennepsgul, vintage grønn, kvit, eik etc (som på bilet + gul)



Kubus Bowl by Lassen - kvit


Sengetøy i lin. Feks dette ANA frå HØIE





Alt mulig frå LUCIE KAAS (finnes her i området iallefall på Møbler og Milje og Tilbords etc),
både figurer og kopper og kar.





Ny Mocca Master (kvit eller grå)






 


fredag 26. mai 2017

Marianne sine forlovere

Marianne sine forlovere 



Å velgje forlovar var ikkje berre enkelt. Eg har jo alltid hatt mange gode venninner i ulike fasar av livet, både i oppveksten, 20-åra og i desse snart 10 åra på Skodje. Kva skulle eg leggje vekt på? 
Eg er jo glad i alle venninnene mine, og systera mi! 



~ KRISTINE  ~




Det tok 3 mnd før eg bestemte meg for å gå for mi kjære storesøster, Kristine, som alltid har vore der for meg. Plutseleg var det berre heilt innlysande at det ikkje kunne vere nokon andre enn ho - som har kjent meg for den eg var i oppveksten og kjenner meg for den eg er i vaksen tid. Som systre kjenner vi kvarandre bedre enn nokon andre, på godt og vondt! Eit meget sikkert og trygt valg:) 



Dei fleste kjenner eller har høyrt mykje om Kristine, men for dokke andre;
 Kristine er to år eldre enn meg, født 1975, og var verkeleg nokon å strekkje seg etter i oppveksten. Ho var utruleg flink i alt ho gjorde, både i idrett og på skulen, og var (og er!)  heilt fantastisk med lillesøstera vår, Arnhild (som har downs syndrom, om nokon ikkje veit det!). 
Kristine er utdanna Geofysiker og jobbar i AkerBP på 10.året (ho leiter altså etter olje), der ho har ein krevande jobb og til tider mykje ansvar i ulike prosjekt (som ho mestrar med glans!). I 2006 gifta ho seg med (toastmaster) Andreas, og saman har dei 3 herlige barn; Elias (14), Andrine (11) og Aleksander (7) - mine gode tantebarn som eg er så innmari glad i !!! 

Kristine har eit stort hjarte, raus og flink til å glede med små ting. 
Det har alltid vore godt å ha ei slik storesøster, som passar på meg og er glad i meg sjølv når ho syns eg er skikkeleg teit! Til tross for at vi er ganske forskjellige på mange områder, og som søstre flest kan krangle og vere sure på kvarandre, er vi også verdens beste søstre og venninner! 
Vi ser ikkje kvarandre så mykje no når avstanden er stor, men vi prøver å møtast så ofte som mogleg anten i Oslo, på hytta på Stranda eller på hytta på Kvitfjell. Borna gleder seg til Oslo ferie, vi koser oss i det nye store flotte huset deira på Kjelsås. 
Kristine er verdens beste tante, ingenting varmer meir enn å sjå kor glad ho er i dei små! :) 






~  JEANETTE  ~  




JEANETTE møtte eg fyrste gong for litt over 7 år sidan på eit scrappetreff i Ålesund, og vi fann ut at vi begge var nye innflyttere på Skodje. Dei siste 5 åra har vi vore meir og meir ilag og vi har utvikla eit  nært forhold. Jeanette er ein veldig omsorgsfull og real person, som stiller opp for andre sjølv i tider ho burde prioritere seg sjølv. Eit hjerte av gull !  Eg brukar å seie at ho er altfor snill. At ho må tenke meir på seg sjølv. Slike personar veks ikkje på tre, og det var difor vanskeleg å velge nokon andre til å vere min forlovar. 




Jeanette er født i 1981 og kjem frå Harstad. Ho møtte sin Svein då ho studerte til sjukepleiar i Ålesund, og vart altså verande på Sunnmøre. Saman har dei tre herlege døtre;  Helle (9), Tuva (7) og Sofie (4). Aksel og Helle er vener og like gamle, og Vilja og Sofie er også gode venninner. 
Svein er frå Norddal og vi er visst i slekt langt uti:) 



Vi trener ilag;  jogging, fjellturar, styrke og handball (Jeanette er ein fantastisk god keeper på vårt nyoppstarta damalag her på Skodje), går i strikkeklubb ilag og møtast ofte for å berre skravle. Innimellom må Jeanette stille som modell for meg også, hehe, men det er jo ingen sak når ein er så vakker:)  
Det er godt å ha ei venninne ein kan møte både på gode og mindre gode dagar, ei som kan ringe deg berre for å slå av ein prat eller stikke innom for ein rask kaffe. 

Jeanette er operasjonssjukepleiar på sjukehuset i Ålesund. No har eg ikkje sett Jeanette i aksjon, men slik eg ser det er ho meget dyktig i jobben sin. 



I juni reiser eg og mine to fine forlovere til Barcelona ilag - for å finne brudetilbehør og forloverkjoler, og for å berre kose oss ilag!!!! Det blir heilt KNALL!!!! 

UTRULEG GLAD I DOKKE !!!













tirsdag 28. februar 2017

Toastmaster

Vi gjekk nokon rundar for å finne ein passande toastmaster. Opp og ned og fram og tilbake. Av ein eller anna grunn hoppa vi over èin, og då vi oppdaga det var det ingen tvil om at denne personen var den perfekte toastmaster! Han er utadvendt, morsom, flott, og livlig; det er sjølvsagt svoger ANDREAS WITH DAHLE! Vi håper han er over seg av begeistring over dette ærefulle oppdraget og at han hoppar i det med stor iver;)

Han ønskjer dokke sender han ein mail på Andreas.with75@gmail.com så får dokke nok nokre mailar som er hemmelege for brudeparet, og andre vegen.

For dei som ikkje kjenner Andreas er han altså gift med søstera til Marianne (Kristine), 42 år og frå Oslo. Dei bur i eitt nytt flott hus på Kjelsås, med barna Elias (snart 14), Andrine (11 år i morga faktisk!) og Aleksander (snart 7). Alle barna spelar handball, så ikkje mykje tid dei får til hytta på Kvitfjell - men så snart dei har tid suser dei oppover for å suse ned skibakken. Andreas er også ein ivrig og flink tennisspelar!
- Key Account Manager (tidlegare superselgar!) hos Wittusen og Jensen.



Juvet Landskapshotell

Ikkje alle av dokke er klare over kvar type hotell Juvet Landskapshotell er, så les litt om det her:

http://www.juvet.com/juvet-landskapshotell/hotellet

Som nevnt er det ikkje plass til alle på sjølve Juvet, men vi har ein plan for resten (ta gjerne kontakt om dokke vil vite!). Juvet har 9 bokser/hotellrom, eit voningshus med fire soverom og to små hytter/sel. Sengeplass til 35 personer. Nærmaste familie, forlovere og slekt/vener langvegsfrå utan tilknytning til Sunnmøre vil bli prioriterte her.

Festen blir på låven!:))










onsdag 8. februar 2017

Forlovelsesbilder

Vi får stadig vekk spørsmål om kven i alle dager skal ta brullaupsbilda våre!!!!!?!!!!
Men valget var enkelt; Lieben Foto / Synnøve Eide Seljeseth frå Molde - ho er ein rasande dyktig bryllaupsfotograf, og ein veldig likandes person:)

Eg vart fyrst kjend med ho gjennom strikking på Instagram (!), og har sidan hatt nær kontakt på messenger, samt ein tur til Stockhom ilag på Way Up North (seminar for bryallupsfotografar).

Synnøve er veldig involvert i planlegginga av bryllaupet, noko som har vore til stor hjelp!
Vi fotografar veit kva som gjer seg på bilder - og trenden må følgast nøye:)

I november tok vi forlovelsesbilder på Trollstigen. Fordelen med å velge ein kald dag (2 grader og vind) til slikt er at vi fekk heile området for oss sjølve! Kaldt var det, men hjelpe meg så flotte bilder vi fekk!! DEI omgivelsane og DET lyset, kombinert med dyktig fotograf og flotte mennesker (hihihihi) vart det eit fantastisk resultat. Sjå her då;